Velkomen til Veslefrikkspelet
4. – 7. august 2011
 
Femmer på terningen i TA - og flott oppslag i Varden!
 
Veslefrikk spelast på Kvennøya i Bø 4.-7. august
kvar kveld kl. 21:00. Forestillinga varar i to timar
inkludert pause. Spelplassen og stien frå Kvennøya
vil bli opplyst når spelet er slutt.

Publikum sit på benkar i eit naturlig amfi.
Ta gjerne med sitteplate og gode klede.
Det vil bli selt regnkapper ved inngangen.

Adkomst til Kvennøya frå Bø Museum på Oterholt.
Parkering ved Bø Museum og på Folkestad skule.
Funksjonshemma kan kome til Kvennøya med bil
via alternativ adkomstveg på vestsida av elva.
Kontakt Sverre Jacobsen på tlf 95223342
for meir informasjon.

Bø Museum er ope kvar dag i spelperioden
kl. 12-17 og kl. 18-21. Sal av suppe og kaffi,
minimarknad og open feleutstilling.
Billettar selgast også i museumsbutikken
på Pakkbua.


Billettar: 250,- / 150,- + avg.
Tlf 35 06 03 90 / 35 95 00 61
www.veslefrikkspelet.no
www.billettservice.no

Eventyret om Veslefrikk med fela i Rørmark /
Jacobsens musikalversjon, er blitt ein romantisk
komedie med alle ingrediensar; uoppnåeleg
kjærleik, svik og dramatikk, komikk og magi.
Stemninga ved Oterholtfossen er trolsk og
vakker, og vi kan love publikum
ei spennande oppleving for heile familien.
Startside

 

 
Registrer deg Skriv ut denne siden